Hei alle som har baby i huset, velkomen på Babysong!
Skuleåret 26-27 har me planar om å få til Babysong i Skjold og Ølen.
Babyar med mor og/eller far frå heile Vindafjord er velkomne begge plassar - bli med der det passar best!
Skjold kyrkje - torsdagar kl. 10.30-12.00. Me har samlingane oppe i kyrkja.
Ølen, Kyrkjetunet - måndagar kl.10.30 -12.00. Me har samlingane i kjellaren.
Babyar i alderen 0-12 mnd er velkomne, men opplegget passar nok best for dei mellom 2-10 mnd.
Ta med niste - me syter for drikke.
Me lagar lokale Messengergrupper for kommunikasjon undervegs.
Babysong kostar kr.250,- for heile kurset. Betaling ved påmelding.
Om ein berre vil bli med ein gong eller to kostar det kr.35,- per gong.
Sjå eigen artikkel for evt betalingsfritak.
Meir info finn du i brosjyren
PÅMELDING TIL ØLEN HER
PÅMELDING TIL SKJOLD HER - kjem i løpet av veke 35
VELKOMEN