Julemarkedet laurdag 29.11.2025 vart opna med kyrkjekonsert i den vakre, kvite murkyrkja i Vikebygd. Vegard og Vendel-Agathe Skartland-Hide hadde ein flott konsert med song og musikk som ga oss julestemning, nå når 1. søndag i advent står for døra. Her samla dei mest fullt hus.
Vegard og Vendel-Agathe Skartland-Hide med halvtimes mini-konsert opna julemessa i Vikebygd.
Tekst og foto: Steinar Skartland, redaktør for Hyrdingen
Vegard og Vendel-Agathe Skartland-Hide har stadig oftare stilt opp med musikk på gudstenester og konsertar i kyrkjene her i Vindafjord. Onsdag 26. november framførte dei songar i Skjold kyrkje under salmekvelden med markering av nynorsk salmebok sitt 100-års jubileum.
Laurdagen var det eigen mini-konsert der dei i omlag 20 minutt framførte fleire julesongar. Duoen Vegard på piano og vokal, og Vendel-Agathe på trompet og vokal. I benkene vart det tald opp 124 tilhøyrarar som ga sin respons både i applaus etter kvar songnummer og med mange lovord etter at konserten vart avslutta og folket kunne ta turen til bodene på julemarkedet.
Vegard takka for det flotte frammøtet til konserten og kalla Ingrid Mathilde, som introduserte songduoen, for "manageren". Som medlem av soknerådet har ho har teke initiativ til mange konsertar og musikkframføringar i kyrkjene i Vikebygd, Skjold og Vats. Ingrid introduserte musikarparet og nytta høvet til også å invitera til lysmesse søndagen.
Det er høg kvalitet på den musikalske framføringa til Vegard og Vendel-Agathe og vi kan ikkje anna enn å takka for at dei brukar tid og krefter til gle oss. Det vert sett pris på av mange.
Kyrkja pynta med barneteikningar og gullstjerner.
Ute i våpenhuset var hengt opp ei rekkje med teikningar av jula som borna på Vik skule hadde teikna. Her kunne ein også pynta med å hengja opp gullstjerner. Meir skal vera på plass til søndagen då det vert lysmesse om kvelden.



